INFORMASJON OM BETYDNING FOR KIRKEN AV AT FORSAND OG SANDNES SLÅS SAMMEN

Forsand + Sandnes = sant

7. juni 2017 vedtok Stortinget at Forsand og Sandnes kommunar skal bli ein kommune frå 01.01.20. For kommunesamanslåingar gjeld inndelingslova, og frå 01.06.16 blei kap. V og VI gjort gjeldande for samanslåing av fellesråd så langt den passar med kyrkjelova § 5. Dette betyr at fellesråda i kommunane blir til eitt. I Forsand er det bare eitt sokn, og soknerådet her har fungert både som sokneråd og fellesråd. Sandnes fellesråd har 9 sokn, og fellesråd som har ein representant frå kvar av sokna. Etter samanslåinga blir Forsand det 10. soknet i Sandnes, og får ein representant her. For å få ein god prosess rundt samanslåingsprosessen er det sett ned kyrkjeleg fellesnemnd som skal arbeida fram eit godt resultat for det nye fellesrådet,  slik som kommunal fellesnemnd gjer det for den nye kommunen.

Les mer ved å klikke her